Hele Norge båler - laurdag 18. januar 2025
For oss som elskar friluftsliv, er det å tenne eit bål ofte høydepunktet på turen - noko som gjer opplevinga komplett. Sjølv på tur åleine kan eit bål gi ei kjensle av selskap, ro og tryggleik, samtidig som stress og mas forsvinn. Å samlast rundt eitt bål skaper ei unik kjensle av fellesskap som er vanskeleg å oppnå på andre måtar.
Bli med!
Den 18. januar markerer vi starten på Friluftslivets år med at heile Norge samlast rundt bål. Kom åleine eller samle vennegjengen, familien eller invitere nye venner til ein hyggeleg bålprat saman med oss.
25. juni 2025
Sommarmøte i "Sitkagranhukjin"
Siste møte i Rotary-året 2024-25 var i "Sitkagranhukjin" på Kyststien på Blindheim. 19. juni
20. juni 2025
Presidentskifte og medlemsopptak
12. juni 2025 var det presidentskifte i klubben. Arnfinn Vartdal tok over etter Britt Valderhaug Tyrholm som har vore president i to år.
På møtet vart Linda Rørvik høgtideleg teken opp som medlem av Giske Rotaryklubb
5. juni 2025
Naturmøteplass 3. juni
3. juni var stilte Giske Rotary med kaffi og nysteikte vafler igjen. Godt oppmøte, og besøk av Sunnmøre Friluftsråd
31. mai 2025
Sparebanken Møre på besøk
22. mai hadde vi besøk av Oline Nordstrand og Lars Erik Ramstad frå Sparebanken Møre si avdeling på Valderøya.
31. mai 2025
Stein Lauritsen: Skogsturar utan klokke
15. mai besøkte Stein Lauritsen Giske Rotaryklubb og presenterte si fotobok "Skogsturer uten klokke"
13. mai 2025
Ryddedugnad på Vigra omsorgssenter
Saman med entusiastiske og gode hjelparar gjennomførte Giske Rotaryklubb ein diger dugnadsinnsats ved Vigra omsorgssenter laurdag 10. mai.
12. mai 2025
Strandrydding i Sandvika
8. mai starta Giske Rotaryklubb strandrydding i Sandvika på Roald.
12. mai 2025
Ope møte om psykisk helse
24. april inviterte Giske Rotary til ope møte om psykisk helse og beredskap. Bakgrunnen var tilrådinga frå styresmakktene om den enkelte sitt ansvar for eigenberedskap og korleis dette verkar inn på oss.
21. januar 2025
Stor stemning med bål i Sandvika
Stemninga var høg då Rotary i samarbeid med Sunnmøre Friluftsråd inviterte til bålbrenning ved gapahuken i Sandvika. Arrangementet var del av ei landsomfattande markering av starten på friluftsåret 2025, og samla mange glade turfolk.
