Torsdag 19. juni 2025 hadde vi siste klubbmøtet før ferien. Vi møttest i gapahuken «Sitkagranhukjin» på kyststien ved Blindheim på Vigra. Mange medlemmar hadde allereie starta ferien og var på reise, men trass i det var det godt oppmøte. Det vart servert kaffi og nysteikte vaflar til hyggeleg prat og mykje latter.
Eit høgdepunkt var opptaket av nytt medlem, Vigdis Nogva, som vart ønska velkomen og fekk diplom. Rotarynåla hadde presidenten lagt att heime, så etter febrilsk leiting i alle lommer, vart det klart at nåla må Vigdis få etter ferien.
God sommar til alle Rotary-vener kringom i landet!
4. september 2025
Nok eit triveleg treff i naturmøteplassen i Sandvika på Roald i dag. Britt og Arnfinn var vertskap og takkar for godt og hyggeleg frammøte.
26. august 2025
21. august 2025 var vi på besøk hos Vigra aktivitets- og frivliligsentral på Roald. Jarle Molnes og Atlle Varhaugvik presenterte aktivitetane.
25. juni 2025
Fire personar i tillegg til vertskapet trassa regnvêret og fekk servert kaffi og vafler i Sandvika 17. juni
25. juni 2025
Siste møte i Rotary-året 2024-25 var i "Sitkagranhukjin" på Kyststien på Blindheim. 19. juni
20. juni 2025
12. juni 2025 var det presidentskifte i klubben. Arnfinn Vartdal tok over etter Britt Valderhaug Tyrholm som har vore president i to år.
På møtet vart Linda Rørvik høgtideleg teken opp som medlem av Giske Rotaryklubb
5. juni 2025
3. juni var stilte Giske Rotary med kaffi og nysteikte vafler igjen. Godt oppmøte, og besøk av Sunnmøre Friluftsråd
31. mai 2025
22. mai hadde vi besøk av Oline Nordstrand og Lars Erik Ramstad frå Sparebanken Møre si avdeling på Valderøya.
31. mai 2025
15. mai besøkte Stein Lauritsen Giske Rotaryklubb og presenterte si fotobok "Skogsturer uten klokke"
31. mai 2025
Tysdag 13. mai starta Sunnmøre Friluftsråd sesongen med Naturmøteplass i gapahuken i Sandvika på Roald