Google
Kartdata ©2025
Kartdata ©2025

Om klubben

Giske Rotaryklubb vart stifta 24 februar 1970 med naboklubben Sula som fadderklubb. Vi er 22 medlemer, av dette 7 kvinner, som har klubbmøte kvar torsdag kl 20:00. Møtelokalet vårt er på Mjølner samfunnshus, Molnesvegen 59, 6040 Vigra utanfor Ålesund. Nokre klubbmøte held vi saman med naboklubbar, og fleire gongar i året er vi ute på bedriftsbesøk i kommunen og i regionen. Klubben har også nokre faste lokale prosjekt, og i samband med dei held vi nokre av møta våre i det fri. Rull nedover på sida for å sjå eit oppdatert program og meir informasjon om aktivitetane og prosjekta våre.

Rotary er ein organisasjon der det ikkje skal være forskjell på kvinne og mann, religion eller etnisk tilhøyr. I Giske Rotarylubb har vi ei god og kameratsleg omgangsform, og vi arbeider godt saman i ulike komitéar. På denne måten blir vi godt kjende både med kvarandre og med næringslivet og samfunnet rundt oss. På vanlege klubbkveldar møtest vi vanlegvis ca. 19:30 for kaffiprat i forkant av sjølve møtet.

Om du kjenner at Rotary sitt verdigrunnlag passar for deg og du kan tenke deg å lære mer om organisasjonen, er du hjerteleg velkommen til å ta kontakt med oss for å bli med som gjest på medlemsmøta våre. 

Kontaktdetaljar finn du her

Vedtektene finn du her

Eitt av  klubben sine prosjekt er Naturmøteplassen i Sandvika på Roald. Dette er eit samarbeid med Sunnmøre friluftsråd. Dei som er på biletet er gjestar på naturmøteplassen vår.