Nedenfor kan du lese det Elisabeth selv har skrevet om
turen:
HimalPartner er ein diakonal yrkesmisjon som driv
berekraftig utvikling i tett samarbeid med alle som vil godt mot menneske. HimalPartner har arbeidd i Nepal sidan
1950-tallet med utvikling av vannkraft, industri,utdanning og helsearbeid.
Nepal er eit av verdens fattigaste land med høg arbeidsløyse
og politisk ustabil situasjon. Nepal er eit fjelland med mindre enn halvparten
av Norges areal. Likevel bor det seks gongar så mange menneske der, 30
millioner. Landet har store utfordringer etter jordskjelvkatastrofen i 2015.
Offisielt er 85% av befolkninga hinduer og 10% buddister. Den nepalesiske
kyrkje har vokse fram med relativt liten påverkning frå vesten. Då staten åpna
landet for utlendingar på 1950-tallet sette dei som føresetnad at det ikkje
skulle evangeliserast.
Ifølge evalueringa har HimalPartner sit bidrag til utbygging
av Andi khola (5 MW) i samarbeid med Norad vore eit særdeles vellykka prosjekt.
Prosjektet mottok også i 2005 Blue Planet Prize. International Hydropower
Assoiation med støtte frå UNESCOs International Hydrological Programme deler ut
prisen til prosjekt som bidreg til sitat: ”bærekraftige prosjekter og velferd,
og som viser hvordan verdens vannkraftressurser kan brukes på en god måte”.
Mellom
10000-15000 jenter blir selt frå landsbyer i Himalaya kvart einaste år. Det
kjem indiske kjøpmenn og tilbyr ca 800kr for unge jenter. Dei blir først lurt
til Kathmandu under påskot av jobb som hushjelp, i verkstad eller danseklubber.
Men det tek ikkje lang tid før jentene på 10-19 år blir frakta over grensa til
India og blir stengt inne i Red Light District i Bombay eller Calcutta. Dei
blir selt til bordella for ca. 4000kr.
Dette er ein enorm business. Den har vore der sidan 1960 og hundretusen
har endt sine dager der. Som oftast døyr dei av AIDS.
Gjennom HimalPartner sitt arbeid i Kathmandu, hhovudstaden i
Nepal, møtte vi gode menneske som jobba for å hjelpe desse jentene/ kvinnene.
Vi besøkte fleire senter som jobbar med å redde jenter, gir dei
traumebehandling, husly, mat og opplæring i eit yrke. Jentene får trening i
mange forskjellige yrker som bakeri, smykkeverkstad, systove mm.
Det var godt å møte kvinner som hadde klart det.
Takk for den rause gåva til min innsamlingsaksjon for å støtte utdanning og mentalt helsearbeid i Nepal for å gi spesielt jenter muligheiter og eit verdig liv. Vipps for å støtte dette arbeidet 123643
25. juni 2025
Fire personar i tillegg til vertskapet trassa regnvêret og fekk servert kaffi og vafler i Sandvika 17. juni
25. juni 2025
Siste møte i Rotary-året 2024-25 var i "Sitkagranhukjin" på Kyststien på Blindheim. 19. juni
20. juni 2025
12. juni 2025 var det presidentskifte i klubben. Arnfinn Vartdal tok over etter Britt Valderhaug Tyrholm som har vore president i to år.
På møtet vart Linda Rørvik høgtideleg teken opp som medlem av Giske Rotaryklubb
5. juni 2025
3. juni var stilte Giske Rotary med kaffi og nysteikte vafler igjen. Godt oppmøte, og besøk av Sunnmøre Friluftsråd
31. mai 2025
22. mai hadde vi besøk av Oline Nordstrand og Lars Erik Ramstad frå Sparebanken Møre si avdeling på Valderøya.
31. mai 2025
15. mai besøkte Stein Lauritsen Giske Rotaryklubb og presenterte si fotobok "Skogsturer uten klokke"
31. mai 2025
Tysdag 13. mai starta Sunnmøre Friluftsråd sesongen med Naturmøteplass i gapahuken i Sandvika på Roald
13. mai 2025
Saman med entusiastiske og gode hjelparar gjennomførte Giske Rotaryklubb ein diger dugnadsinnsats ved Vigra omsorgssenter laurdag 10. mai.
12. mai 2025
8. mai starta Giske Rotaryklubb strandrydding i Sandvika på Roald.