20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund
Torsdag 20. november vitja klubben Nordnes-gruppa. Firmaet driv fiskebåtrederiet Nordnes, og har i tillegg eigne bygg, verkstad og kaier. Vi møtte fram på Gjøsund på Vigra, der verksemda har både hovudkontor og verkstad.
Dagleg leiar og reiar Tormund Grimstad, saman med administrasjonsleiar Knut Ivar Steinhovden, tok varmt imot oss. Over kaffi, pepperkaker og småsnacks fortalde dei om historia til rederiet, drifta og planane vidare, før vi fekk omvising i verkstadhallen.
Grimstad starta Nordnes-rederiet heilt frå grunnen i 1997, og har sidan skapt arbeidsplassar for over hundre menneske. Det er eit familierederi: eldste sonen er skipper, medan dei to andre barna har oppgåver i verksemda samstundes som dei tek maritim utdanning.
Han legg stor vekt på å skape arbeid og gjev ungdom som slit med vanleg skulegang høve til å blomstre i praktisk arbeid, gjennom god rettleiing og oppfølging. Rederiet utviklar eigne tekniske løysingar med fokus på gjenbruk og berekraft, og nye idear til effektivisering vert prøvde ut på båtane.
Med eige mekanisk verkstad og notbøteri tek dei sjølve hand om det meste av reparasjonar og vedlikehald. Nordnes-rederiet er sterkt lokalt forankra og leverer heile 90 prosent av fangsten til nærområdet.
Vi takkar for eit særs interessant og inspirerande føredrag.

MS Nordbas

Tormund Grimstad og Knut Ivar Steinhovden



Selskapet arbeider med å utvikle fangst av raudåte til eit kommersielt fiske


Omvisning i verkstadhallen der selskapet sine tilsette no byggjer rorhus til ein båt under ombygging.

21. februar 2019
Nye lokaler men samme fokus
Onsdag 20. februar var medlemmene i Ålesund Øst og Giske Rotaryklubb inviterte til det nye NAV-kontoret i Ålesund. Vi forstår godt at de både er stolte og glade for sine nye lokaler.
15. februar 2019
Spennende fjøsbesøk
Den 14. februar besøkte vi den nye fjøsen til Rørvik Samdrift som driver oppdrett av den franske, eksklusive rasen Limousin. Imponerende var det!