20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund
Torsdag 20. november vitja klubben Nordnes-gruppa. Firmaet driv fiskebåtrederiet Nordnes, og har i tillegg eigne bygg, verkstad og kaier. Vi møtte fram på Gjøsund på Vigra, der verksemda har både hovudkontor og verkstad.
Dagleg leiar og reiar Tormund Grimstad, saman med administrasjonsleiar Knut Ivar Steinhovden, tok varmt imot oss. Over kaffi, pepperkaker og småsnacks fortalde dei om historia til rederiet, drifta og planane vidare, før vi fekk omvising i verkstadhallen.
Grimstad starta Nordnes-rederiet heilt frå grunnen i 1997, og har sidan skapt arbeidsplassar for over hundre menneske. Det er eit familierederi: eldste sonen er skipper, medan dei to andre barna har oppgåver i verksemda samstundes som dei tek maritim utdanning.
Han legg stor vekt på å skape arbeid og gjev ungdom som slit med vanleg skulegang høve til å blomstre i praktisk arbeid, gjennom god rettleiing og oppfølging. Rederiet utviklar eigne tekniske løysingar med fokus på gjenbruk og berekraft, og nye idear til effektivisering vert prøvde ut på båtane.
Med eige mekanisk verkstad og notbøteri tek dei sjølve hand om det meste av reparasjonar og vedlikehald. Nordnes-rederiet er sterkt lokalt forankra og leverer heile 90 prosent av fangsten til nærområdet.
Vi takkar for eit særs interessant og inspirerande føredrag.

MS Nordbas

Tormund Grimstad og Knut Ivar Steinhovden



Selskapet arbeider med å utvikle fangst av raudåte til eit kommersielt fiske


Omvisning i verkstadhallen der selskapet sine tilsette no byggjer rorhus til ein båt under ombygging.

15. mai 2026
Gratulerer med 80 årsdagen, Sverre Ola!
Sverre Ola fylt 80 år 30. april - ein aktiv og sprek 80 åring.
13. mai 2026
Oppstart naturmøteplass
I strålande vêr opna årets første Naturmøteplass i Sandvika på Roald. Om lag 20 personar gjekk etter lukta av kaffi og nysteikte vafler, og koste seg i gapahuken.
13. mai 2026
Giske Ungdomsråd på besøk
7. mai fekk vi besøk av Giske Ungdomsråd ved leiar Teodor Dyb og nestleiar Julia Klokk Eidskrem.
23. april 2026
NAV Giske og statusen for Giske kommune
Torsdag 23. april hadde vi besøk av Tone Mette Lorgen Johnsen, leiar for NAV Giske
27. mars 2026
Bedriftsbesøk hos E-design og Lotte sko & garn
Torsdag 26. mars var vi invitert til å besøke E-design i skaret på Valderøya
21. mars 2026
Sverre fortel om hummaren
torsdag 19. mars fortalde Sverre Ola Roald om hummaren, denne havets kardinal som "alle" vil ha.
1. mars 2026
Bli fosterforeldre
Turid Giskeødegård fortalde om sitt arbeid med å rektruttere og lære opp fosterforeldre, og oppmoda alle om å vurdere å bli fosterforeldre.
20. februar 2026
Politikontakt Daniel Ludvigsen på besøk
Torsdag 19. februar hadde vi besøk av politiførstebetjent Daniel Ludvigsen, politikontakt for Giske kommune. Han har vore Giske sin kontaktperson i politiet sidan 2019, og driv med kriminalitetsførebyggande arbeid.
6. februar 2026
Besøk på Giske ungdomsskule
Torsdag 5. februar var vi på besøk hos rektor Gry Støbakk Ytterland på Giske ungdomsskule for å få litt meir greie på korleis det er å vere rektor.
30. januar 2026
Bedriftsbesøk til Grøde Hagedesign
Torsdag 29. januar 2026 var vi på besøk hos Grøde Hagedesign på Valderøya.