Besøk hos Nordic Wildfish
Torsdag 13. november var klubben invitert til reiarlaget Nordic Wildfish. Dagleg leiar Anders Bjørnerem tok imot oss i administrasjonsbygget i Nordstrandfjørå på Valderøya. Vi fekk servert kaffi med pepperkaker og sjokolade medan han fortalde om historia til firmaet fram til dagens aktivitetar med skip, kvotar og fangst.
Trass sin unge alder opplever vi Anders Bjørnerem som ein stødig leiar med tydeleg visjon og strategi. Han er mellom anna svært oppteken av å framsnakke og synleggjere fiskeindustrien og havfiskeflåten. I dei flotte og moderne lokala til verksemda leiger han ut kontor til fleire andre reiarlag innan havfiske. På den måten vert det skapt eit større miljø der ein kan gjere seg nytte av kvarandre sin kompetanse innan drift og handtering av myndigheitskrav og reglar.
Han deler òg sine klare meiningar om korleis dei politiske styresmaktene lagar rammene for fiskerinæringa. Vi fekk god innsikt i havfiskeindustrien med både utfordringar og moglegheiter, samt mange tal som viser kor viktig denne næringa er for verdiskaping og arbeidsplassar. Etter foredraget vart vi viste rundt i dei tiltalande og romslege lokala. Ei finare og meir maritim kontorutsikt finst knapt.
Tusen hjarteleg takk til Anders Bjørnerem for eit særs interessant og opplysande foredrag.

Den havgåande fiskeflåten i Giske i dag

Nordic Wildfish sitt anlegg i Nordstrandfjørå

Dagleg leiar Anders Bjørnerem

Rotaryklubben på besøk

Nordic Wildfish sin trålarflåte i dag: Synes, Molnes og Roaldnes

Molnes i aktivt fiske




Kontorplassane er knytte saman med notverkstaden.


President Arnfinn Vartdal takka Anders Bjørnerem med kaffi frå Roald Kaffebrenneri.
21. februar 2019
Nye lokaler men samme fokus
Onsdag 20. februar var medlemmene i Ålesund Øst og Giske Rotaryklubb inviterte til det nye NAV-kontoret i Ålesund. Vi forstår godt at de både er stolte og glade for sine nye lokaler.
15. februar 2019
Spennende fjøsbesøk
Den 14. februar besøkte vi den nye fjøsen til Rørvik Samdrift som driver oppdrett av den franske, eksklusive rasen Limousin. Imponerende var det!