Poliodagen 2025
I samband med verdsdagen for polio 24. oktober, var klubbmøtet denne veka vigd polisaka. Etter at presidenten hadde opna møtet, som vanleg med eit dikt og generell informasjon, fekk klubbens CRFC, Halvard Skjong, ordet.
Halvard presenterte historiske detaljar kring polio-utbrot og arbeidet med å samla alle gode krefter i éin organisasjon for å få utrydda sjukdomen. Han drog særleg fram Rotary International, WHO, UNICEF, U.S. Centers for Disease Control and Prevention, og Gavi, vaksinealliansen, og Bill og Melinda Gates med sin Gates Foundation. Til saman blir det skaffa mange, mange milliardar til kampen mot polio.
Vi fekk informasjon om sjølve sjukdomen, utbreiing og vaksinering, samt eit innblikk i organisasjonens aktive støttespelarar og dei enorme summane som har vorte brukte sidan 1980, då arbeidet med å få utrydda polio tok til.
Halvard avslutta med å fortelja om strategiske planar framover, som har som mål å kunna leggja fram polio som utrydda innan 2026.
Tusen takk til Halvard for eit svært interessant og informativt føredrag.




21. februar 2019
Nye lokaler men samme fokus
Onsdag 20. februar var medlemmene i Ålesund Øst og Giske Rotaryklubb inviterte til det nye NAV-kontoret i Ålesund. Vi forstår godt at de både er stolte og glade for sine nye lokaler.
15. februar 2019
Spennende fjøsbesøk
Den 14. februar besøkte vi den nye fjøsen til Rørvik Samdrift som driver oppdrett av den franske, eksklusive rasen Limousin. Imponerende var det!