Presidentskifte og medlemsopptak
Torsdag 12. juni 2025 var det presidentskifte i klubben.
President Britt ønskte medlemmene velkomne til eit vakkert pynta bord og innleidde møtet med song. Vår påtroppande president Arnfinn hadde, som så mange gonger før, teke med gitaren og akkompagnerte songen. Deretter vart Linda Rørvik teke opp som nytt medlem i klubben og fekk Rotary-nål og diplom saman med mange lovord om arbeidet ho har gjort for lokalsamfunnet – eit arbeid ho tidlegare har fått Paul Harris-utmerking for.

Så var det klart for sjølve presidentskiftet, der president Britt overrekte kjeda og gode ønskje til Arnfinn Vartdal, som på si side takka Britt med blomar for innsatsen ho har gjort for klubben. Så feira vi hendinga med marsipankake, kaffi og hyggeleg prat. Det var òg lotteri og quiz før kvelden vart avslutta med song.


Alle foto: Ludvig Kåre Øyen
21. februar 2019
Nye lokaler men samme fokus
Onsdag 20. februar var medlemmene i Ålesund Øst og Giske Rotaryklubb inviterte til det nye NAV-kontoret i Ålesund. Vi forstår godt at de både er stolte og glade for sine nye lokaler.
15. februar 2019
Spennende fjøsbesøk
Den 14. februar besøkte vi den nye fjøsen til Rørvik Samdrift som driver oppdrett av den franske, eksklusive rasen Limousin. Imponerende var det!