Naturmøteplass 10. juni
Tysdag 10. juni 2025 var det samling på naturmøteplassen i gapahuken i Sandvika på Roald-Vigra. Sunnmøre Friluftsråd inviterer til Naturmøteplass kvar tysdag heile sommaren fram til slutten av september. Som i fjor, er det Giske Rotaryklubb som står vertskap og serverer kaffe, saft, kjeks og nysteikte vaflar til alle som kjem innom mellom kl. 12 og 13:30. Denne tysdagen fekk dei mellom anna besøk av to damer frå Manchester/Liverpool, som var på tur på gangstien rundt Molnesfjellet. Damene hadde tidlegare vitja Trandal og Alnes, og dei sette stor pris på kaffe og nysteikte vaflar. For vertane var det også svært kjekt å få slikt eksotisk besøk innom gapahuken.
|
|
21. februar 2019
Nye lokaler men samme fokus
Onsdag 20. februar var medlemmene i Ålesund Øst og Giske Rotaryklubb inviterte til det nye NAV-kontoret i Ålesund. Vi forstår godt at de både er stolte og glade for sine nye lokaler.
15. februar 2019
Spennende fjøsbesøk
Den 14. februar besøkte vi den nye fjøsen til Rørvik Samdrift som driver oppdrett av den franske, eksklusive rasen Limousin. Imponerende var det!


