Ope møte om psykisk helse

24. april arrangerte Giske Rotaryklubb ope møte om psykisk helse og beredskap. Det vart ein tankevekkande og inspirerande kveld der kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen, nestleiar i Meistring og psykisk helse, Kristine Finnøy, og styremedlem Eva Thor frå Mental Helse Giske innleia.

Frå venstre: Eva Thor frå Mental Helse Giske, kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen og Kristine Finnøy, nestleiar i eininga Meistring og psykisk helse

Kristine Finnøy er sosionom med vidareutdanning innan psykisk helse og rus. Ho fortalde om kommunen sine plikter og tilbod innanfor dette feltet. Anne-Line Sommerdalen er med i kommunen si kriseleiing, og er den medisinsk-faglege rådgivaren der. Ho leier kommunens psykososiale kriseteam.

Mental Helse Giske består av frivillige, ikkje fagfolk. Dei fekk Giske kommune sin frivilligpris for 2024 for arbeidet sitt med mellom anna "Sosial ladestasjon".

10. oktober blir Verdsdagen for psykisk helse markert. Giske Rotaryklubb vil vere med å markere denne.

Giske Rotaryklubb takkar for godt førebudde og inspirerande foredrag, og takkar alle frammøtte.


 
Gratulerer med 80 årsdagen, Sverre Ola!

15. mai 2026

Gratulerer med 80 årsdagen, Sverre Ola!

Sverre Ola fylt 80 år 30. april - ein aktiv og sprek 80 åring.

Oppstart naturmøteplass

13. mai 2026

Oppstart naturmøteplass

I strålande vêr opna årets første Naturmøteplass i Sandvika på Roald. Om lag 20 personar gjekk etter lukta av kaffi og nysteikte vafler, og koste seg i gapahuken.

Giske Ungdomsråd på besøk

13. mai 2026

Giske Ungdomsråd på besøk

7. mai fekk vi besøk av Giske Ungdomsråd ved leiar Teodor Dyb og nestleiar Julia Klokk Eidskrem.

NAV Giske og statusen for Giske kommune

23. april 2026

NAV Giske og statusen for Giske kommune

Torsdag 23. april hadde vi besøk av Tone Mette Lorgen Johnsen, leiar for NAV Giske

Bedriftsbesøk hos E-design og Lotte sko & garn

27. mars 2026

Bedriftsbesøk hos E-design og Lotte sko & garn

Torsdag 26. mars var vi invitert til å besøke E-design i skaret på Valderøya

Sverre fortel om hummaren

21. mars 2026

Sverre fortel om hummaren

torsdag 19. mars fortalde Sverre Ola Roald om hummaren, denne havets kardinal som "alle" vil ha.

Bli fosterforeldre

1. mars 2026

Bli fosterforeldre

Turid Giskeødegård fortalde om sitt arbeid med å rektruttere og lære opp fosterforeldre, og oppmoda alle om å vurdere å bli fosterforeldre.

Politikontakt Daniel Ludvigsen på besøk

20. februar 2026

Politikontakt Daniel Ludvigsen på besøk

Torsdag 19. februar hadde vi besøk av politiførstebetjent Daniel Ludvigsen, politikontakt for Giske kommune. Han har vore Giske sin kontaktperson i politiet sidan 2019, og driv med kriminalitetsførebyggande arbeid.

Besøk på Giske ungdomsskule

6. februar 2026

Besøk på Giske ungdomsskule

Torsdag 5. februar var vi på besøk hos rektor Gry Støbakk Ytterland på Giske ungdomsskule for å få litt meir greie på korleis det er å vere rektor.

Bedriftsbesøk til Grøde Hagedesign

30. januar 2026

Bedriftsbesøk til Grøde Hagedesign

Torsdag 29. januar 2026 var vi på besøk hos Grøde Hagedesign på Valderøya.