Stor stemning med bål i Sandvika


Etter stormen på fredag var det mange som sette pris på å kome seg ut i det flotte turvêret. Sjølv om det var temmeleg vindstilt inne i vika, bles det godt rundt Langeneset, like ved. På førehand var det litt spenning om det skulle gå an å tenne bål utan å røyklegge byggefeltet i Ågnegjerdet. Men vinden var heldigvis sydleg, så røyken dreiv ut over sjøen. 

70-80 menneske i alle aldrar myldra rundt gapahuken og bålpanna og koste seg med kaffi og kjeks, eller grilla pølser på bålet.  Praten gjekk lett rundt bordet i gapahuken, gode vennskap vart friska opp og nye vart etablerte. Ungane klatra i bakken og sklei på baken ned igjen med frydefulle rop, medan andre terga båra på sandstranda. Ordførar Kenneth Langvatn hadde bursdag på laurdag, og tok like godt med seg bursdagskaka ned i Sandvika, og dei frammøtte kvitterte med  rungande bursdagssong  og gratulasjonar.

Britt Valderhaug Tyrholm, president i Giske Rotaryklubb, var strålande fornøgd med arrangementet. Ho har stått i bresjen for naturmøteplassen i Sandvika samarbeid med Sunnmøre Friluftsråd og Ågnegjerdet velforening. Denne dagen hadde ho heldigvis kokt litt meir kaffi enn ho hadde tenkt, for frammøtet var større enn ho hadde våga å drøyme om. «Det er så utruleg kjekt å sjå kor folk kosar seg her,» smilte ho. 

Jan Ove Skodje, som er styremedlem i Sunnmøre Friluftsråd, hadde rolla som kvissmeister og stilte med spørsmål til både barn og vaksne. Her var det mykje å bryne seg på, og diskusjonen gjekk høgt rundt borda. 

Det er organisasjonen Norsk friluftsliv som står bak det landsdekkande arrangementet «Heile Noreg bålar». Sunnmøre Friluftsråd og DNT hadde mange arrangement på Sunnmøre, og takka vere Giske Rotaryklubb vart det også arrangement her i Giske.

Hildegunn, Ingunn, Inger Lise, Mona og Reidun er engasjerte kvissdeltakarar

Gode forhold for den som vil terge båra i dag

   



 

 
Nye lokaler men samme fokus

21. februar 2019

Nye lokaler men samme fokus

Onsdag 20. februar var medlemmene i Ålesund Øst og Giske Rotaryklubb inviterte til det nye NAV-kontoret i Ålesund. Vi forstår godt at de både er stolte og glade for sine nye lokaler.

Spennende fjøsbesøk

15. februar 2019

Spennende fjøsbesøk

Den 14. februar besøkte vi den nye fjøsen til Rørvik Samdrift som driver oppdrett av den franske, eksklusive rasen Limousin. Imponerende var det!